Vi har fleire sidemalar (innhaldstypar) som vi bruker i Drupal-rammeverket. Nokre av sidemalane bruker vi berre på spesifikke nettstader. Rolletilgangen for redigering vil variere noko frå mal til mal.
Sidemalar på alle nettstader
Landingsside
Malen skal bli brukt som rein transportside og som landingsside for fagtema som skal ha fleire undersider. Du kan bruke ulike lenkekort til å presentere undersidene. Spaltebredden er breiare enn på andre fagsider.
Landingssider må ha ein kort ingress som skriv om tema og kven dette er laga for. Ved sida av ingressen kan du plassere eit bilete eller ein illustrasjon for å gi sida ei visuell knagg.
Du skal ikkje bruke brødtekst på ei landingsside. Har du behov for reint tekstleg innhald i tillegg til lenker vidare, så skal du heller velje Informasjonsside.
Landingssida kan kun bli oppretta og redigert av nettredaktørar.
Informasjonsside
Malen er laga for vanleg faginnhald på sidene våre. Dette er normalt førstevalet om du ikkje har behov for ei side med spesiell funksjonalitet.
Side kan bli knytta opp til overordna side, som påvirker brødsmulestien.
Rettleiing om å redigere innhald finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.
Gamle sidemalar for veileder/rapport og veileder/rapport-kapittel
Malane er brukt for veiledere/rettleiiarar og rapporter i HTML publisert før 2026. Sjå neste trekkspel om ny mal.
Malane er meint for publisering av lengre tekster på nett, som rapporter og veiledarar. Dette er tekster som har fleire lengre kapittel, og er tekster som brukarane gjerne fordyper seg i.
I malen kan ein bla fram og tilbake i kapitla, og i kapitla kan ein få opp ei oversikt over alt innhaldet i ei samla innholdsoversikt. I tillegg kan ein skrive ut eller lagre heile veilederen/rapporten, og ein kan søke internt etter innhald.
Veileder forside/hovudside
Malen består av ei framside med innleiing, ein eventuell illustrasjon (eit bilete) og ei lenka oversikt over alle kapitla.
Veileder kapittel
Malen kan ha fleire kapitler der sjølve innhaldet blir lagt inn. Du kan bruke alle blokker for å lage innhald, og til venstre kan du ha innhaldsliste.
Ny veileder/veileder-kapittel
Malen er meint for publisering av lengre tekster på nett, som rapporter og rettleiiarar.
Denne nye sidemalen legger til rette for veldig lange tekster som har både kapitler og underkapitler.
Veileder hovudside
Malen består av ei framside med innleiing og ei lenka oversikt over alle kapitla. Du kan søke i alt innhaldet i rettleiiaren/rapporten.
Veileder kapittel
Malen kan ha fleire kapitler der sjølve innhaldet blir lagt inn. Du kan bruke alle blokker for å lage innhald, og til venstre kan du ha innhaldsliste.
Øverst får kapitla ei mørkeblå linje med klikkbart namn på rettleiiaren/rapporten, innhaldsliste og lokalt søk. I tillegg er det automatisk navigasjon og innhaldsliste for kapittelet.
Kvart kapittel må ha tittel og ingress. Over dette kan du legge inn kapittelnummer i feltet for stikktittel - dette blir synlig på hovudsida.
Prosess og prosesside
Prosess-malen kjem i to utgåver: Éin for enkel prosess med berre faser og éin for meir avanserte prosessar med undersider til kvar fase. Har du behov for ein ny prosess, så snakk med ansvarleg redaktør for nettstaden.
Val av enkel eller avansert prosess gjer du nederst i redigeringsfeltet på hovudsida for prosessen.
Val av visning av menyen og menylenketittel gjer du nederst i redigeringsfeltet på den enkelte prosess-sida (gjelder undersider til fasene).
Rettleiing om å redigere tekst og innhald finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.
Nyhet
Malen er laga for nyheiter, og alle publiserte sider blir lista opp i nyheitsarkivet. I tillegg kan vi legge nyheiter i ei automatisk liste, for eksempel på forsida av nettstedet, slik at nyleg publiserte sider blir vist etter dato.
Rettleiing om å redigere innhald finn du under Redigere sidemal og Redigere blokker.
Hendelse/Kalenderhendelse
Malen er knytta til ulike blokker.
- Hendelse
- Kalenderhendelse blir vist i Kalender.
Sidemaler til bruk på dfo.no
Kundenotat
Malen er laga for informasjon til DFØ sine løns- og rekneskapskunder. Alle kundenotat blir også automatisk sendt ut som varsel på e-post til dei som har meldt seg på abonnement på kundenotat.
Rolletilgang
Skribent/fagredaktør: Kan opprette kundenotatet, redigere det og sende til godkjenning.
Redaktør/administrator: Legg til kategoriane "løn" eller "rekneskap", og publiserer kundenotatet.
Frister
Malen er laga for fristar for DFØ sine løns- og rekneskapskunder. Fristane blir fastsatt av løns- og rekneskapsdivisjonen, og blir publisert året før. Dei har kategoriane "løn" eller "rekneskap". Malen blir også brukt til å vise fristar innan "reise" og "godtgjersle/honorar" for honorarmottakarar.
Rolletilgang
Skribent/fagredaktør/redaktør/administrator: Kan opprette, redigere og publisere fristane.
Blogginnlegg
Malen gjeld innlegg som blir publisert på DFØ-bloggen på dfo.no. Innhaldet i blogginnlegga blir skrevne av fagpersonane, men i tett samarbeid med kommunikasjonsenheten som vurderer relevans og kvalitet på innlegga.
Eit blogginnlegg må knyttast til ein "forfattar" med bilete og informasjon om forfatteren. Dette er ein eigen mal, som må opprettast før blogginnlegget blir publisert. Ein forfattar kan ha fleire blogginnlegg, og han eller ho vil då bli lista ut på ein forfattarside.
Blogginnlegget kan ha éin eller fleire kategoriar, slik at innlegga kan filtrerast ut frå kategoriane. Det er faste kategoriar på DFØ-bloggen.
Rolletilgang
Redaktør/administrator: Opprettar, redigerer og publiserer blogginnlegget.
Rapportside
Alle rapportar frå DFØ skal publiserast på ei rapportside. Desse rapportsidene blir lista ut i ei rapportoversikt på dfo.no der ein kan filtrere rapportane på år og kategori.
Kvar rapport eller kvart notat får eit eige nummer som også skal leggast inn i malen for rapportside. Dette nummeret gir nettredaksjonen i forbindelse med publiseringa av rapporten/notatet.
Kurs
Kurssider må opprettast i kursløysinga Already On, og det blir gjort stort sett av kursadministrasjonen. Send ein e-post til [email protected] hvis du vil opprette eit kurs/arrangement. Det er her innhaldet og praktisk informasjon blir lagt inn.
Historisk visning
Kursidene i Drupal kan kun redigerast i etterkant av når eit kurs/arrangement/seminar er blitt holdt. Kurssida må få hake for "historisk visning" i Already On for at kursomtalen skal komme opp i oversikta over avholdte kurs og arrangement på dfo.no. Det er berre dei kursa og arrangementa som har presentasjoner eller videoopptak, som skal bli lista ut i oversikten over avholdte kurs.
I tillegg til å laste opp presentasjon eller video, må du også redigere på teksten slik at det blir tydeleg at dette er eit avholdt kurs eller arrangement. Fjern informasjon som ikkje lenger er aktuelt, som f.eks. praktisk informasjon om arrangementet og påmelding.
Skribent/fagredaktør: Kan redigere og sende til godkjenning.
Redaktør/administrator: Kan redigere og publisere.
Standard e-postmal
Malen blir brukt til utsendingar som liknar på nyheitsbrev.
Sidemaler til bruk på anskaffelser.no
Avtale
Malen blir brukt til avtaler frå Statens innkjøpssenter og avtaler under Markedsplassen for skytjenester. Den har litt andre metadata enn dei andre malane. Du må sette status på avtalen, dvs. om han er under arbeid, aktiv eller framtidig, og det er tilrettelagt for inndeling i avtaletypar.
Rettleiing om å redigere innhald finn du under Redigere blokker.
Verktøy
Fellesnevnaren for verktøy er at sidemalen ikkje bor i menyen. Verktøya er delt i kategorier, og du må velje ein kategori når du oppretter ein mal.
Typisk for bruk av denne malen er maler, veiledninger, eksempler eller annet som det er aktuelt å vise på éin eller fleire sider på nettstaden, som for eksempel ein kontrakt eller ein mal for risikomatrise. Du lagar ei side som forklarer bruk av verktøyet, og viser det alle steder det er relevant.
Du skal også alltid velje tema frå global taksonomi som er relevant for innholdet i malen. Då vil du kunne filtrere på kategorien og på temaet, og få opp alle forekomster som dekker begge kriteria, som for eksempel alle kontraktar som er relevante for bygg- og anlegg.
Når du kobler ei verktøyside til ei anna side med innholdsreferanse, blir det automatisk oppretta ei krysskobling mellom sidene, slik at verktøysida samtidig vil lenke tilbake til informasjonssida der verktøysida er i bruk.
Veiledning om å redigere innhald ut over dette finn du under Redigere blokker.